Tida går fort. Hausten er ikkje lenger her. Eg har endeleg fått meg ei vinterjakke. Endeleg. Det er kaldt i Oslo og tida går fort. Dagane er travle. Ja, særs travle. Får eg eigentleg gjort alt som står på lista? Ofte er lista for lang. Men eg kan ikkje klage, eg likar lista mi. Og eg likar livet i Oslo.
onsdag 26. oktober 2011
Tid.
Tida går fort. Hausten er ikkje lenger her. Eg har endeleg fått meg ei vinterjakke. Endeleg. Det er kaldt i Oslo og tida går fort. Dagane er travle. Ja, særs travle. Får eg eigentleg gjort alt som står på lista? Ofte er lista for lang. Men eg kan ikkje klage, eg likar lista mi. Og eg likar livet i Oslo.
søndag 26. juni 2011
tirsdag 14. juni 2011
Me er i ENGLAND!
We are in England, and we're doing WELL! I dag har me hatt vår første dag på jobben. Marianne blei plassert på kjøkenet med Liz og Daniel medan Synnøve har vore på toalettet i heile dag med Sarah. Me har jobba og jobba, sveitta renn og sjokoladen går ned. Det trengs for å få litt energi. Sjølv om Marianne fekk lage kake som ho serverte i kveld til alle gjestene, så var den tydlegvis ikkje til oss andre hardt jobbande. Dei andre på Oak Hall teamet var super gira på restar frå fredag og laurdag. Synnøve SIKLA etter den kaka, ho har difor planar om å gå ned å snike seg litt etterpå.
onsdag 1. juni 2011
GUS er over, sumaren er i gong!

GUS er over, ferien på Halsnøy er starta og jobbinga på Brandøy byrjar på fredag. Om 12 dagar reiser eg og Synnøve Aarskog til England for å jobbe på eit gjestehus som er drive av OakHall. Kva me skal gjere der, det er me ikkje heilt sikkre på. Men gledar me oss? Sjølvsagt!
fredag 11. mars 2011
Me har det bra!
No er det berre ei veke til me lettar frå Youff flyplass i Dakar. I det siste har det vore mykje på ferde. Me fer rundt på ting og prøver samstundes og bli litt brun til me skal heim att. Det er mykje som skal skje og mykje som skal gjerast før me set kursen mot Noregs land, men me har det verkeleg bra!
lørdag 19. februar 2011
Santa Yalla, Diereduif
Sola skin på ein spesiell måte i dag, eg får ei kjensle av første dag i sumarferien. Sola varmar på ein måte som gjer at ein gløymer at ein hadde to tepper på seg gjennom natta, at det faktisk var litt kaldt i går og at det faktisk er vinter i Dakar òg.
Ein gløymer nesten at me for to dagar sidan hadde på ull-undertøy, for å ete frukost ute i mørket og for å feire Ragnhild. At me skulle ut å sjå soloppgangen, men var på feil side av Dakar.
Ein gløymer nesten at det blei arrangert ”suprise-party” for Ragnhild med ungdommane i menigheita, men at Afrikanarane er så seint ute, at dei kom tre timar etter Ragnhild hadde kome til festen.
Ein gløymer nesten at Ragnhild lærde hushjelpa å lage pizza og at ungane kom på besøk og åt saman med oss.
Ein gløymer nesten at ungane herja slik med trommene til Marianne og Susanne at Susanne tok tromma si og sa; ”C’est fini”, og sprang avgårde med tromma i redsel for at Klementine, skulle nå henne att og ta tromma.
Ein gløymer nesten at Marianne og Susanne gjorde ting på lista på laurdag og såg Monumentet i Dakar, samt fyrtårnet og åt ” Norvegiénne Hotdog”.
Ein gløymer nesten at Ragnhild var åleine på ”marché Sandaga” og blei kalla ”Madame Dakar” då ho hadde på seg eit veldig typisk Senegalesisk skjerf.
Ein gløymer nesten at Marianne og Susanne var med Kleofas og besøkte heile ”storfamilien” utan å vite at det var det dei eigentleg skulle, noko som førte til at dei følte seg ganske malplasserte.
Ein gløymer nesten at på Sundag var det nok ein gong duka for vår vanlege ”kyrkje-sundaga” der det blei brukt 7 timar i menigheita vår.
Ein gløymer nesten at i går på Dagsenteret til Marianne og Ragnhild fekk dei testa ut danse-skills og fekk lært å danse ”Yosa” og i tillegg lært ”Afrikansk-UNO” til nokre Amerikanarar som var på besøk.
Ein gløymer nesten at me arrangera filmkveld på Dagsenteret til Ida og Susanne og at ”The Gods must be crazy” er morosam for alle, sjølv om verken ungane eller me forsto den dubba fransken i filmen.
Ein gløymer nesten Afrikanaren som har brukt utallege timar på å sitte på taket sitt å sjå inn på kjøkenet vårt, medan me et.
Ein gløymer nesten bollene som eg har laga på den flotte fridagen og som no må takast ut av omnen.
Ein gløymer nesten at i dag skal me pakke ned ”Criben” vår på Point E, for å byrje på eit nytt kapittel av tida vår i Dakar.
…Då sola skin så vent ein onsdags føremiddag så er det nesten så ein gløymer alle dei flotte tinga som me opplever gjennom ei veke i Dakar. Og som dei ville sagt det på lokalspråket her; ”Santa Yalla, Dierediuf” – Takk, store Gud!